Jens Sigismundius Zetlitz

Jens Sigismundius Zetlitz  Mann 1761 - 1821 


Fornamn: Jens Sigismundius
Etternamn: Zetlitz


  Døde 59 år
 
Fakta om personen
Fødd 26. januar 1761 41 25 Stavanger, Rogaland, Norge

Barnedåp 1. februar 1761 ‎(Alder 6 dagar)‎ Stavanger, Rogaland, Norge

Adresse:
Stavanger domkirke

Utdanning 1790 ‎(Alder 28)‎ Teologisk embetseksamen København, Danmark

Ekteskap Maren Elisabeth Bull - 10. september 1791 ‎(Alder 30)‎ Time, Rogaland, Norge

Yrke frå 3. januar 1800 til 1810 ‎(Alder 38)‎ Sokneprest Vikedal, Vindafjord, Rogaland, Norge

Ekteskap Christiane Sophie Fasting von Krogh - 21. mars 1802 ‎(Alder 41)‎ Vikedal, Vindafjord, Rogaland, Norge

Yrke frå 25. januar 1811 til 1821 ‎(Alder 49)‎ Sokneprest Kviteseid, Telemark, Norge

Yrke Prest og dikter
Farsgrein (Father branch) ZETLITZ


Vis detaljar Kjelde: ·Kviteseid bygdesoge I - ZETLITZ

Referanse i dokument:  4

Forbindelser
Venn: Olav Bjørnsson Hestehaga  (I3508) - [Slektskap]

Relationship: Venn

Note: Zetlitz ba Ole å ta hand om dei litterære arbeidene når han var gått bort.
Død 14. januar 1821 ‎(Alder 59)‎ Prestegarden, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge

Hending mai 1946 ‎(125 år etter dødsdagen)‎ Minnestein Prestegarden, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge

Adresse:
Kviteseid gamle kyrkje

http://www.lokalhistoriewiki.no/images/Zetlitz.jpghttp://www.lokalhistoriewiki.no/images/Zetlitz.jpg


Sist endra 5. november 2011
Av: Anne Brit Flatin Borgen
Vis detaljer om ...

Familie til foreldre  (F8402)  Vis
Sigismundius Johansson Zetlitz
1720 - 1762
Mette Christina Magnus
1735 - 1772
Christian Magnus Sigismundiusson Zetlitz
1754 - 1825
Henrik Andreas Magnus Sigismundiusson Zetlitz
1758 - 1821
Jens Sigismundius Zetlitz
1761 - 1821

Familie til ste-foreldre  (F9964)  Vis
Andreas Borse
1732 - 1776
Mette Christina Magnus
1735 - 1772

Eigen familie  (F8404)  Vis
Maren Elisabeth Bull
1761 - 1801
Axeliane Christine Jensdotter Zetlitz
1792 - 1855
Mette Christine Jensdotter Zetlitz
1794 - 1853
Johanne Margrethe Jensdotter Zetlitz
1797 - 1888
Kirsten Seehuusen Jensdotter Zetlitz
1799 - 1878
Jensdotter Zetlitz
1801 - 1801

Eigen familie  (F8405)  Vis
Christiane Sophie Fasting von Krogh
1780 - 1867
Søren de Fine Jensson Zetlitz
1803 - 1868
Maren Elisabeth Bull Jensdotter Zetlitz
1804 - 1875
Cathrine Nicolava Jensdotter Zetlitz
1807 - 1859

Vis: Nær familie

Noter

Notat
Jens Zetlitz ‎(1761 - 1821)‎ "Glædens muntre sanger"

”For Jordens Lykke blev Druen til..”
I dag, for 250 år sidan, 26. januar 1761, blei Jens Zetlitz født i Stavanger og denne, etter kvart mogne mannen, teologen og diktaren m.m, kom til å ende sine dagar som sokneprest i Kviteseid i 1821. Vi må ha lov å kalle han halvt telemarking etter godt og vel eit tiår som prest i det som den gong var eit vidstrekt sokn. Soknet omfatta store delar av Vest-Telemark og noko av det som nå er Drangedal. Jens Zetlitz ligg gravlagd ved Kviteseid gamle kyrkje der det også er reist ein minnestein.
Hans relativt korte liv, 60 år, inneheldt både dramatikk , nederlag, sigrar, glede og sorg– og ikkje minst speglar det ei tid nokså ulik vår – ikkje minst på det teologiske området og i 17-1800 talets prestepraksis.
Det finst ikkje noko måleri eller bilæte av mannen, bare denne eine silhuetten som visar ein nokså røsleg fyr med pannelugg og tyrenakke….
På fødselsdagen er det interessant å finne fram visse biografiske data, karrieredetaljar – og, ikkje minst gje til beste utdrag av diktinga hans som hadde tidstypiske trekk, men som innimellom knapt kan kallast teologiske eller salmeprega, skjønt han laga slike også!
Faren hans døydde då Jens var nyfødt og mora gifte seg snart oppatt, men då Jens var bare 12 år døydde mora også og stefaren, som var ein god mann, sytte for at ungguten vart elev ved Bergen Katedralskule – men også han døydde bare tre år seinare. Femten år gamal sto han på mange vis aleine att…. Då kom ein ny velgjerar inn i livet hans, nemleg presten og den seinare biskopen Johan Nordahl Brun som tok seg av og hjelpte den evnerike studenten vidare. ‎(Som takk for hjelpa var Zetlitz den fyrste som skreiv biografien hans i 1805: Johan Nordahl Brun Biskop over Bergen Stift)‎
Etter artium ved universitetet i København i 1780 tok han fatt på det teologiske studiet. Utadvendt og sosial som han var kom han fort inn i, og blei ein flittig gjest i Det norske Selskab der han utmerka seg med selskapsdikt og som visesongar– særleg var drikkevisene hans populære!
Pengemangel gjorde det fyrste opphaldet i København kort; han drog heimatt og livnærde seg som bl.a. huslærar ymse stader før han vende attende til Stavanger i 1786. Her trulova han seg med prestedottera Maren Elisabeth ‎(Elisa)‎ Bull frå Lye, og den komande svogeren hans, Gabriel Kielland, hjelpte han med pengar slik at han kunne fullføre det teologiske studium i København i 1790. Han var då 29 år og blei snart tilsett som personleg kapellan hjå svigerfaren, sokneprest Jens Bull i Lye på Jæren.
Ekteparet fekk fire barn før Elisa døydde i i barselseng 1801 – noko han aldri kom over resten av livet. Elisa var hans store kjærleik, ein kjærleik som bare blei forsterka ved at han gifte seg på nytt – inn i eit ekteskap som blei ei ulykkeleg affære på så mange vis. Den tidlegare så lykkelege huslyden blei splitta ved at alle fire barna blei bortsett til svogeren i Stavanger. Med kone nr. to fekk han tre barn.
Så seint som i 1806 skreiv han dette bitre diktet om konetapet:

”O DØD, hvad tog du ei, da du Elisa tog?
Du slukte ud mit Hiertes bedste Varme.
Min kiælne Sithar du i Stykker slog;
Og slengte mig i Mismods kolde Arme.
Og der faaer jeg ligge, Domini Mors! Indtil han
slutter mig i sine”

Zetlitz’ fyrste kall som sokneprest var i Vikedal i Ryfylke i 1800 ‎(der Elisa døydde)‎ – der han var til han fekk eit større og feitare kall i Kviteseid i Telemark i 1811. I Kviteseid var Zetlitz i ti år til sin død i 1821.
Vi skimtar eit todelt liv: Fyrst den lykkelege delen med studietid, dikting, song og begersving i København – deretter eit tiårig lykkeleg ekteskap som kapellan på Jæren og eit år som prest i Vikedal – så dei vonde åra, eit ulykkeleg nytt ekteskap, og nesten full stopp i diktarkarriera og all annan litterær produksjon dei siste tjue åra han levde.
Dette var ein biografisk kortversjon, men det eg har eg lyst til å vektleggje og trekkje fram er folkeopplysningsmannen, bondevennen og diktaren Jens Zetlitz.
Han var eit ekte produkt av opplysningstida og slettes ingen ’haugianar’ korkje som forkynnar eller i sitt levevis! Livets goder, vin og selskapeleg omgang i litterære, opplyste krinsar høyrde med og speglar seg i alle hans dikt og i mange av dei salmene han skreiv….
Debuten var Poesier i 1789 og han publiserte også Sange For Den Norske Bondestand – vidare ei samling Psalmer og Prædikener og Leilighetstaler – dei siste utgitt posthumt.
Posthumt kom også Samlede Digte , i ulike utgåver og antologiar.
”Dranker” var han knapt – trass i alle drikkevisene – det var heilt vanleg blant dei ”kondisjonerte” at alkohol var ein del av det selskapelege – hans ’feil’ var vel helst at han også drakk saman med vestlandske matrosar og telebønder!.
Så til det som har gitt tittelen til artikkelen og som er ein av hans mest kjente viser:

For Jordens Lykke blev Druen til,
Skjænk i!
Den dyrkes, presses, og nydes vil,
Skjænk i!
Og det Bæger, Gud Evan haver,
er guddom blandet med Jordens Gaver,
drik ud! skjænk atter!
Tøm Glasset! Skjænk atter!
Drik ud!

Slik held det fram i eit par imperative vers til – og siste verset lyder optimistisk slik:

Har nogen Doris indtaget dig,
Skjænk i!
En liten Ruus gjør dig tækkelig,
Skjænk i!
Du skal med Styrke din Ild forklare,
og hendes Hjerte skal staae i Fare;
Drik ud! Skjænk atter!
Tøm Glasset! skjænk atter!
Drik ud!

Det teologiske er vel også nokså nedtona i det neste ‎(henta frå diktet Gudernes Glæde)‎, men som ein variant av Salomo’s Høysang kan det vel låte …?

Se Gudernes Glæde til Jorden nedstiger,
See skummende Vine fra fremmede Riger;
Kom skjænker og drikker, at Sorgen maa døe!
See raske Brunetter og kjælne Blondiner
Med Gratiers Ynde i Snak og i Miner!
Kom kysser og elsker, lad Verden ei døe….

Det har blitt hevda at Jens Zetlitz gjerne ville bli talsmann for bøndene slik Peter Dass var for fiskarane – og det er eit nokså samstemt syn at han på sitt beste var Norges svar på Carl Michael Bellman ! Som Bellman syng den lettliva Ulla Winblad’s pris – så er det den fromme og snille Elisa, Zetslitz’ fyrste kone som får sine høgstemte hyllingsvers!
På 250-års dagen ville truleg verten på prestegarden invitert gode venner på heilstekt tiur med rom‎(!)‎ – hans livrett – deretter ville kvelden, og natta lang gå med til elevert og åndfull dialog rundt punsjbollen – spår eg!

Kaare Bakken
Forbindelser Zetlitz ba Ole å ta hand om dei litterære arbeidene når han var gått bort.

Vis noter for ...


Kjelder

Kjelde
Kviteseid bygdesoge III - Kultursoga
Publikasjon: Kviteseid kommune, 1987.
Hending ·Kviteseid bygdesoge I - ZETLITZ
Referanse i dokument:  4

Vis kjelder for ...


Bilete / medier

Multimedia objekt
Jens ZetlitzJens Zetlitz  ‎(M149)‎
Type: Bilete


Multimedia objekt
http://www.lokalhistoriewiki.no/images/Zetlitz.jpghttp://www.lokalhistoriewiki.no/images/Zetlitz.jpg  ‎(M150)‎
Type: Bilete

Vis media for ...


Familie med foreldre
Far
Sigismundius Johansson Zetlitz ‎(I17028)‎
Fødd anslått 1720 20 12
Død 19. september 1762 ‎(Alder 42)‎ Kolding, Jylland, Danmark
16 år
Mor
 
Mette Christina Magnus ‎(I23333)‎
Fødd 29. september 1735
Død 22. november 1772 ‎(Alder 37)‎

Ekteskap: 1752
2 år
#1
Bror
Christian Magnus Sigismundiusson Zetlitz ‎(I17029)‎
Fødd 1754 34 18
Død 1825 ‎(Alder 71)‎
4 år
#2
Bror
Henrik Andreas Magnus Sigismundiusson Zetlitz ‎(I17030)‎
Fødd 1758 38 22
Død 1821 ‎(Alder 63)‎
3 år
#3
Jens Sigismundius Zetlitz ‎(I17031)‎
Fødd 26. januar 1761 41 25 Stavanger, Rogaland, Norge
Død 14. januar 1821 ‎(Alder 59)‎ Prestegarden, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Familie med Maren Elisabeth Bull
Jens Sigismundius Zetlitz ‎(I17031)‎
Fødd 26. januar 1761 41 25 Stavanger, Rogaland, Norge
Død 14. januar 1821 ‎(Alder 59)‎ Prestegarden, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
7 månadar
Hustru
 
Maren Elisabeth Bull ‎(I23335)‎
Fødd 11. september 1761 43 47 Time, Rogaland, Norge
Død 20. januar 1801 ‎(Alder 39)‎ Vikedal, Vindafjord, Rogaland, Norge

Ekteskap: 10. september 1791 -- Time, Rogaland, Norge
10 månadar
#1
Dotter
Axeliane Christine Jensdotter Zetlitz ‎(I17032)‎
Fødd 8. juli 1792 31 30 Time, Rogaland, Norge
Død 15. februar 1855 ‎(Alder 62)‎
2 år
#2
Dotter
Mette Christine Jensdotter Zetlitz ‎(I17033)‎
Fødd 12. desember 1794 33 33 Stavanger, Rogaland, Norge
Død 1. april 1853 ‎(Alder 58)‎ Stavanger, Rogaland, Norge
3 år
#3
Dotter
Johanne Margrethe Jensdotter Zetlitz ‎(I17034)‎
Fødd 28. august 1797 36 35 Stavanger, Rogaland, Norge
Død 1888 ‎(Alder 90)‎
16 månadar
#4
Dotter
Kirsten Seehuusen Jensdotter Zetlitz ‎(I27565)‎
Fødd 6. januar 1799 37 37 Stavanger, Rogaland, Norge
Død 10. januar 1878 ‎(Alder 79)‎
2 år
#5
Dotter
Jensdotter Zetlitz ‎(I27517)‎
Fødd januar 1801 39 39 Vikedal, Vindafjord, Rogaland, Norge
Død januar 1801 Alder: Død ved fødsel Vikedal, Vindafjord, Rogaland, Norge
Familie med Christiane Sophie Fasting von Krogh
Jens Sigismundius Zetlitz ‎(I17031)‎
Fødd 26. januar 1761 41 25 Stavanger, Rogaland, Norge
Død 14. januar 1821 ‎(Alder 59)‎ Prestegarden, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
19 år
Hustru
 
Christiane Sophie Fasting von Krogh ‎(I23336)‎
Fødd 9. februar 1780 Hogganvik, Vindafjord, Rogaland, Norge
Død 11. februar 1867 ‎(Alder 87)‎ Mørefjær, Arendal, Aust-Agder, Norge

Ekteskap: 21. mars 1802 -- Vikedal, Vindafjord, Rogaland, Norge
9 månadar
#1
Son
Søren de Fine Jensson Zetlitz ‎(I17036)‎
Fødd januar 1803 41 22 Vikedal, Vindafjord, Rogaland, Norge
Død 28. februar 1868 ‎(Alder 65)‎ Oslo, Norge
2 år
#2
Dotter
Maren Elisabeth Bull Jensdotter Zetlitz ‎(I17035)‎
Fødd 6. november 1804 43 24 Vikedal, Vindafjord, Rogaland, Norge
Død 1875 ‎(Alder 70)‎ Findreng, Vrådal, Kviteseid, Telemark, Norge
2 år
#3
Dotter
Cathrine Nicolava Jensdotter Zetlitz ‎(I17037)‎
Fødd mars 1807 46 27 Vikedal, Vindafjord, Rogaland, Norge
Død 1859 ‎(Alder 51)‎ Vrådal, Kviteseid, Telemark, Norge


Oppdagede søkemaskinspioner: CCBot/ https://commoncrawl.org/faq/