Dette er ein fin gard, lettdriven og velstelt som berre få med store romsame hus. Han ligg like ved vegen millom Hasleberg og Kvålset. Eigedomen er utskild frå Midtbøen øvre i 1841, 29. 6, og det vart Halvor Tovson (1799-1881) g.m. Margit Olavsdotter Kvåle som fekk denne luten. Dei hadde 9 born. Tov, den eldste, fekk garden og kom seinare til å kjøpa øvre Midtbøen også. Då han døydde i 1877 sat enka Tone Bjørgulvsdotter att med båe gardane. Ho gift oppatt 1882 med brorsonen til fyrste mannen, Olav O. Kvålset, 3 born. (Tov, Anne og Åsne). Dei selde øvre Midtbøen til Margit Tovsdotter g.m. Abraham Havstad og heldt att det nedre som Tov sonen deira f. 1883 og g.m. Åse Taraldsdotter (Homme 77) vart eigar av frå 1914.
Der er 60 mål dyrka jord av myr og moldblanding og 12 mål innmark og 1000 mål utmark. Ein halvdel av staulen Grønlid høyrer til med godt fjøs og stoge. Husi er mykje gode. Stoga (1850) er omvølt seinare og tilbygt mange rom og gangar. Eldhus og vedskjol bygt 1924, uthusbygning 1921. Stabburet er bygt 1786, rik utskur av den flinke treskjeraren Karl Jonsson Svanajord (1759-99). Det er no freda.
Tov har dyrka opp av nytt omlag 40 mål. Han var fast tenestmann i jordstyret i fleire år.
Etter 1958 er Toralf Tovson g.m. Åsta Omtveit Haugen eigar.