Namnet har valda huvudbrot. O. Rygh gissar på helgenamnet Svithun (Syftesok), men kjem ikkje til nokon brukeleg forklåring. Namnet er skrive på ymse måtar, Sypthæstadt 1489, Suptestad, Subttestad 1585, Søfftestad 1602, Søftestad 1723. Ikkje sjeldan har skrivemåten brigda seg på garden, så namnet er flokut tyda. Syftestad ligg i nordenden av Sundkilen på vestkanten, og har frå gamal hatt eit rikt fiske. Kjent er ordspelet om «Dyrdalsbeite, Syftestad fiskeri o Romenes eng.» Den som åtte desse herlegdomar kunna aldri verta fatig. Det er ikkje gjort noko fornfunn på Syftestad, så vidt ein veit. Syftestad er nemt i eit brev frå 1416, 22. 6. (D. N. XIII s.60) Herlaug Peterson kunngjer at han på kongens vegne har selt 3 markabol i «Midtbønom i Huidisæidhi sokn» til Sigveig (Siguæi) Gunnarsdotter Bli det vanheimla, har ho rett til anna jord som er ufrelst og forbrote etter Svein Kjetilson. Brevet er gjort på Merdhina i Gjerpen mandag fyre Jonsvoku MCDDXVI, (Midtbøen en jordpart i Sytestad). Eit anna prenta diplom er frå 1489, 1. 6. (D. N. XI s. 222) Tord Gudmundson, Tron Olavson og Kjetil Kjetilson var på «Venass i Sylegyodh sonkh» då Tolf Alfson selde Torbjørn Peterson 2 m.bol i «Sypthæstadh i Brukæbærgh och up borith allan pæningh». Syftestad m/u.ligg. Brauten, var rekna fullgard 1647 med skyld 4 tn. 6 daler. Buskap 1657: 1 hest, 9 kyr, 12 sauer og 4 geiter. Eigarar og brukarar. Aslak betalar skatt 1593-94. Han er nemnd lensmann og har 3 tn. i garden framover til 1620, og jordpartar i Haugland (1 tn.), Nystog (2 tn.), Skarprud (1 tn.). Bjørgulv er odelsbonde 1629. Gregus m/hustru og dreng reider ut koppskatt 1645. Ved folketelj. 1664 er Kjetil oppsitjar 30 år og husm. Rollef 40 år og Ord (Tord?) 30 år. Kjetil og enka Guri nemnd 1664. I 1665 eig Kjetil 1 ½ tn. i Syftestad og 1 tn. i Skarprud (1660-68). Bjørn Lundevall eig 1 ½ tn. i Syftestad 1660 og Hellek Lunde 1 tn. «Hver med sin bygsel.» ‑ Alt i 1672 har Claus Andersen fått 3 tn. i garden fram til 1679. Anna Sal. Claus det same 1680. Kjetil Bjørgulvson Syftestad. vart drepen i 1671 av Hake Huvestad. Det ser ut som Bjørn Saamundson Lundevall har hatt tilgode av versonen sin -- Kjetil var ein fyrgefant så sur og sterk. Frå tingboki: I eit gjestebod i 1671 (staden unemnt) eiklar han seg inn på Hake og seier: Korleis var det du for åt med verfar din? Fyrst førde du han av garden, og sea hadde du honom ut på Moen til meg og gjekk å krenka meg i min store sjukdom -- då eg ikkje var god for å verga meg. Du har fulla noko tilgode av meg, Hake? Torer du ikkje krevja skulline dine? Med ein saltans eid reiste Hake Knutson Huvestad seg frå bordet og sa: «Eg monne vel de torja!» «Du er ein stor skarv,» eikla Kjetil vidare. Gregard Lundevall ville mekle og la til. «Hake må vel bera namnet og ryktet sitt uskamma kvar han fer.» -- Men best det er triv Kjetil fatt i Hake tvert over bordet med venstre hand i høgre aksel på Hake og held han slik medan han med tollekniven i høgre hand skjer Hake under hóko og stikk han over akslene så blodet skvett over bordet. -- Då har Hake drege kniven og gjev Kjetil eit knivstikk i magen så han slepper kniven, slær seg på magen og seier: «Gud nåde meg -- no sveik du mitt liv og mi helse frå meg!» -- «Skadde du deg noko?» spurde Kjetil Groven. «Ja, Gud nåde meg, meg skader både liv og helse,» svara Kjetil Syftestad. og seig straks ned og andast. ‑ På tinget der dråpssaki var fyre viser Hake fram sin skade etter kniven under hóko på halsen, under akslene og bak på ryggen, og bed så om å få ålmugens skotsmål. Dei svara: «Hache Huvestad alltid havde skikket sig sagtmodig, føielig og fredelig mod hver mand og ingen fortørnet, men haft afsky for trætte og klammeri.» ‑ Enka og dei 2 brørne etter Kjetil Syftestad spurde så om å få den drepnes skotsmål. Lenge tagde dei, men svara så: «Den han var ven, var han trofast» -- Dråpet vart gjort i naudverge. Lagtingdomaren pålagde difor Hake inga bot til arvingane av Kjetil, og då han reidde ut det vanlege «Tegn og Fredkaup» til kongen den 5. okt. 1672 så fekk han landsvist. ‑ Omkring 1680 vert Syftestad. «Frigaard» med tilhald av offiserar. ‑ Fenrik Krag 1681, fenrik Knoph 1688, Gjert Uster 1698-1700, Sekonløytn. Jonas Poulsen 1703. Løytn. Novach 1704. ‑ Eit tomrom fram til 1712 (midt i den store nord. ufreden). Bjørgulv Syftestad -- son åt Bjørn Saamundson Lundevall eig 2 tn. i garden 1715-25. Tov har 46 tn. 1728. No heiter det Syftestad m/Moen, (1712). I 1730-36 har Bjørn og Bjørgulv jordpartar i Syftestad. Frå tingboki: Groven 5. 3. 1737. Opplæst en kontrakt og jordbytte mellern Tallev og Bjørn Bjørgulvsøner, hvorved TalIev nyder til eiendom i Syftestad 1 tn. 4 sen. og Bjørn Syftestad m/Moen 1 tn. m.b. (datera 4. 3. 1737). I 1743, 9. 3. får Tallev heimel på 2 ½ tn. i Syftestad og etter han sonen Bjørgulv Tallevson. (2 ½ tn. 2. 3. 1770) Tallev d.y. overtek desse 2 ½ tn. 1801, 27. 2. ‑minka til 1 ½ tn. 1802. Skifte på Syftestad 1806 etter Bjørgulv Tallevson og Gro Sveinungsdotter (6 born). Brt. 5 249 rd. Net. 4 813 rd. Medrekna jord i Syftestad 1 tn. 1 sett. = 588 rd. Tilgode kjøpesurn av Syftestad 1500 rd. (Tallev). Tilgode kjøpesum av Ruim til sonen Sveinung 1400 rd. Ymse krav 1279 rd. Ditto 1813, 18. 1. etter Tallev Bjørgulvson g.m. Gunhild Johannesdotter (2 små born). Brt. 10 346 rd. Net. 4 253 rd. Irekna Syftestad 2 tn. 6 sett. 6 500 rd. Tilgode 1507 rd. I 1815‑21 er Syftestad vorte 2 like store bruk med 1 tn. 3 sett. på kvar lut. Eigarar: Knut Endreson og Aslak Olavson, (Utbøen 7). Det var Midtbøen m.m. som då vart dela ifrå.