Talleiv Olavsson Aasmundtveit + Gro Talleivsdotter Syftestad

Born  ‎(6 born)‎
Margrete Talleivsdotter Aasmundtveit ‎(I827)‎
Fødd 24. april 1834 22 23 Syftestad, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 1921 ‏(Alder 86)‏ USA
Bjørgulv Talleivsson Aasmundtveit de ‎(I51309)‎
Fødd 18. august 1836 24 25 Syftestad, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 25. august 1836 ‏(Alder 7 dagar)‏ Syftestad, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Bjørgulv Talleivsson Aasmundtveit dy ‎(I828)‎
Fødd 23. februar 1839 27 28 Syftestad, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 21. januar 1908 ‏(Alder 68)‏ USA
Olav Talleivsson Aasmundtveit ‎(I829)‎
Fødd 13. april 1841 29 30 Syftestad, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 1921 ‏(Alder 79)‏ Wisconsin, USA
Talleiv Talleivsson Aasmundtveit ‎(I830)‎
Fødd 23. august 1844 32 33 Nystaul, Nordgarden, Lundevallgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død USA
Gunild Talleivsdotter Aasmundtveit ‎(I49054)‎
Fødd 24. august 1847 35 36 Ståland, Hovdekleiv, Lundevallgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 6. september 1934 ‏(Alder 87)‏ Northfield, Wisconsin, USA

Foreldre: Besteforeldre
Talleiv Olavsson Aasmundtveit ‎(I807)‎
Fødd 1812 31 26 Aasmundtveit, Brunkeberg, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 17. desember 1847 ‏(Alder 35)‏ Ståland, Hovdekleiv, Lundevallgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Olav Torkjellsson Aasmundtveit ‎(I802)‎
Fødd 1781 31 27
Død 1838 ‏(Alder 57)‏ Aasmundtveit, Brunkeberg, Kviteseid, Telemark, Norge
F497

Gro Talleivsdotter Syftestad ‎(I15385)‎
Fødd 16. september 1810 40 29 Syftestad, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 17. september 1858 ‏(Alder 48)‏ Kringlemyr, Tveit søndre, Tveitgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Talleiv Bjørgulvsson Syftestad ‎(I15378)‎
Fødd 1770 36 24
Død 1812 ‏(Alder 42)‏
F832
Gunnhild Johannesdotter Tveit ‎(I1314)‎
Fødd 1781 50 36 Tveit, Tveitgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 1838 ‏(Alder 57)‏ Heggtveit, Tveit, Tveitgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge


Familie-opplysningar   (F503)
EkteskapKyrkjeleg vigsel
21. februar 1834


Kjelde: Digitalarkivet - kirkebøker

Sist endra 17. november 2019 - 09:41:06 - Av: ERLING

Kjelde
Kviteseid bygdesoge I - Ættesoge
Publikasjon: Eigi forlag, Kviteseid kommune, 1956
Kviteseid bygdesoge I - ÆttesogeKviteseid bygdesoge I - Ættesoge



Note: 700 sider
Vis detaljar Note: FYRIORD

Dei rekna helst ætti si attende til eit manns- eller kvinnenamn, dei gamle. Det kunne vera eit namn som hadde flutt med i tradisjonen ned etter tidene og som dei ofte lite eller ikkje visste om. Eller namn på nokon som hadde merkt seg ut, som det var noko med i ætt, rikdom, styrke, karstak eller klokskap. Det er velkjende ting. Dei gamle ville au gjerne vita kvar dei var komne frå, om dei var av godt folk eller ikkje. Rikdom talde mykje, klokskap og vit kom ikkje alltid fyrst. Rikdom låg i jord og gardar her i bygdene og ættenamnet feste seg til garden der mannen budde og samla rikdom. Denne trongen til rikdom var ikkje alltid til styrke for ætti dersom det skorta på vit og kultur. Det var nok mangt som ramla i røys av den grunn.

Når mannsling i ei gamal ætt skifte bustad, blei ætti knytt til det nye gardsnamnet i skrift og tale og slik hev skikken for det meste halde seg til nå. Dette laga mange vanskar når ein skulle kartleggja ei ætt som greina seg ned gjenom tvo- tri hundreår.

Ein annan vanske var ættenamni. Ei ætt med store greinir kom inn på fleire gardar, flutte eller kom på rek i husmannsplassar. Eg valde å gjeva ætti eit namn, helst eit gardsnamn. Men der upphavet kunne vera uvisst eller ikkje blei knytt til gardsnamn, har eg bruka namnet åt den fyrste kjende i ætti til ættenamn.

Ættine her er uppsette i listeform. Etter eg hadde sett på ymse system og ættbøker der systemi var bruka, var eg noko rådvill. Ei ættbok for folk som brukar riva og stoppenåli, øks og spade meir enn pennen, må ikkje ha mange tal og bokstavar i systemet. Ei ættbok burde ogso vera brukleg i folkeskulen som ei handbok i heimstadlære, der borni fekk noko greie på fedrane sine og gardar og plassar dei hadde butt på. Likeins makeskifte millom ættene.

Ættetavlur i listeform kunne førast so mangleis, men helst er desse måtane nytta:
Innrykningsmåten, ætti førd generasjonsvis, den tabellariske formi. ‏(Sjå Cato Krag Ronne: Ættegransking)‏. Den formi eg hev nytta, kan vel seiast vera ei blanding av desse tri forenkla.

Fyrste ættled: I. Faren. Borni, førde på ætt og løypenr. t. d. 1-5.
Andre ættledd: II. Eldste sonen hans, borni førde på ætt og løypenr. 6-12. Døttane bli førde ivi til ætti av ektemaken.
....

Var ektemaken innflutt og framand i heradet, er ætti etter han sera ut som eigi ætt.

Var det fleire søner i syskinlaget, var det tvo måtar å velja millom:
  a. Vassrett ‏(parallell)‏føring som i systemet med ætti førd generasjonsvis.
      Fyrst eldste sonen med ektemake og born, deretter nesteldste, tredje o.s.v. alle med same romertal og borni på løypenr.
  b. Loddrettføring. Denne er nytta der ætti er stor med mange l.nr.
      Eldste son bli sera ut med si ættgrein, den nesteldste, tredje, o.s.v.
      I store ætter er det lettare for folk å kjenne seg att og få ivisyn på denne måten.

Vis detaljar Note: Kommentar frå Bygdesogenemnda

Så langt hadde Torjus Loupedalen komi i eit kladdeutkast til fyriord.

Ættesoga slik som ho her vert gjevi ut, er fullt og heilt utarbeidd og skrivi av Torjus Loupedalen. Han fekk diverre ikkje tid til siste finpussen av manuskriptet sitt. Det vil difor truleg finnast ting serleg frå nyare tid, som han hadde komi til å retta om han hadde vori liv lage. For oss i Bygdesogenemnda var det rådlaust å leita etter mogelege småfeil. Det er i djup takksemd til Torjus Loupedalen for det store og dugande arbeid han har lagt ned for Bygdesoga at vi noe sender Ættesoga han skreiv, ut til bygdefolket.



Oppdagede søkemaskinspioner: CCBot/ https://commoncrawl.org/faq/