Kjetil Jørundsson Øyan + Kari Jørundsdotter Blikom

Born  ‎(5 born)‎
Jørgen Kjetilsson Øyan de ‎(I4425)‎
Fødd 1874 26 29 Øyan, Lundevallgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 1923 ‏(Alder 49)‏ Neset, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Kristoffer Kjetilsson Øyan ‎(I4426)‎
Fødd 1876 28 31 Øyan, Lundevallgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 1907 ‏(Alder 31)‏ Høydalsmo, Tokke, Telemark, Norge
Olav Kjetilsson Øyan ‎(I4427)‎
Fødd 1878 30 33 Øyan, Lundevallgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 1944 ‏(Alder 66)‏ Bjørksett, Midtsund, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Jørgen Kjetilsson Øyan dy ‎(I4428)‎
Fødd 1881 33 36 Holtan, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død USA
Gunnhild Kjetilsdotter Øyan ‎(I4429)‎
Fødd 17. mars 1885 37 40 Holtan, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 23. mars 1972 ‏(Alder 87)‏ Neset, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge

Foreldre: Besteforeldre
Kjetil Jørundsson Øyan ‎(I4421)‎
Fødd 1848 40 35 Øyan, Lundevallgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 1905 ‏(Alder 57)‏ Landsverk, Høydalsmo, Tokke, Telemark, Norge
Jørund Kjetilsson Øyan ‎(I4420)‎
Fødd 1808 34 41 Meinstad, Roeid, Tveitgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 1873 ‏(Alder 65)‏ Øyan, Lundevallgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
F2708
Gro Aslaksdotter Ståland ‎(I17681)‎
Fødd 1813 39 38 Ståland, Haukom, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 19. januar 1871 ‏(Alder 58)‏ Øyan, Lundevallgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge

Kari Jørundsdotter Blikom ‎(I7104)‎
Fødd 1845 31 26 Aabømoen, Skarprud, Tveitgrendi, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 1930 ‏(Alder 85)‏ Neset, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
Jørund Aslaksson Strånd ‎(I7067)‎
Fødd 1814 36 36 Strånd, Moen, Dalane, Kviteseid, Telemark, Norge
Død 1892 ‏(Alder 78)‏ Blikom, Syftestad, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge
F963
Sigrid Christophersdatter Spjotsodd ‎(I1518)‎
Fødd 6. september 1818 24 28 Skjelbreid, Lårdal, Tokke, Telemark, Norge
Død 1894 ‏(Alder 75)‏ Blikom, Syftestad, Kviteseid-Sundbygdi, Kviteseid, Telemark, Norge


Familie-opplysningar   (F2709)
Ekteskap 1874
Bustad mellom 1895 og 1904 Bulid, Høydalsmo, Tokke, Telemark, Norge


Kjelde: Lårdal ætt og heim, Høydalsmo sokn bind III
Publikasjon: Bygdesoge


Note: Kjetil selde farsgarden Øyan og familien"tok bruk", sat på Holtan, så Uddedalen før han kjøpte Bulid i 1895. Då også den yngste sonen reiser til Amerika blir Bulid selt, og familien kjøper Landsverk i Tveitegrend i Høydalsmo, der Kjetil døyr året etter ‏(1905)‏.‏( Kjelde: Lårdal ætt og heim.)‏
Sist endra 10. november 2019 - 18:02:12 - Av: ERLING

Kjelde
Kviteseid bygdesoge I - Ættesoge
Publikasjon: Eigi forlag, Kviteseid kommune, 1956
Kviteseid bygdesoge I - ÆttesogeKviteseid bygdesoge I - Ættesoge



Note: 700 sider
Vis detaljar Note: FYRIORD

Dei rekna helst ætti si attende til eit manns- eller kvinnenamn, dei gamle. Det kunne vera eit namn som hadde flutt med i tradisjonen ned etter tidene og som dei ofte lite eller ikkje visste om. Eller namn på nokon som hadde merkt seg ut, som det var noko med i ætt, rikdom, styrke, karstak eller klokskap. Det er velkjende ting. Dei gamle ville au gjerne vita kvar dei var komne frå, om dei var av godt folk eller ikkje. Rikdom talde mykje, klokskap og vit kom ikkje alltid fyrst. Rikdom låg i jord og gardar her i bygdene og ættenamnet feste seg til garden der mannen budde og samla rikdom. Denne trongen til rikdom var ikkje alltid til styrke for ætti dersom det skorta på vit og kultur. Det var nok mangt som ramla i røys av den grunn.

Når mannsling i ei gamal ætt skifte bustad, blei ætti knytt til det nye gardsnamnet i skrift og tale og slik hev skikken for det meste halde seg til nå. Dette laga mange vanskar når ein skulle kartleggja ei ætt som greina seg ned gjenom tvo- tri hundreår.

Ein annan vanske var ættenamni. Ei ætt med store greinir kom inn på fleire gardar, flutte eller kom på rek i husmannsplassar. Eg valde å gjeva ætti eit namn, helst eit gardsnamn. Men der upphavet kunne vera uvisst eller ikkje blei knytt til gardsnamn, har eg bruka namnet åt den fyrste kjende i ætti til ættenamn.

Ættine her er uppsette i listeform. Etter eg hadde sett på ymse system og ættbøker der systemi var bruka, var eg noko rådvill. Ei ættbok for folk som brukar riva og stoppenåli, øks og spade meir enn pennen, må ikkje ha mange tal og bokstavar i systemet. Ei ættbok burde ogso vera brukleg i folkeskulen som ei handbok i heimstadlære, der borni fekk noko greie på fedrane sine og gardar og plassar dei hadde butt på. Likeins makeskifte millom ættene.

Ættetavlur i listeform kunne førast so mangleis, men helst er desse måtane nytta:
Innrykningsmåten, ætti førd generasjonsvis, den tabellariske formi. ‏(Sjå Cato Krag Ronne: Ættegransking)‏. Den formi eg hev nytta, kan vel seiast vera ei blanding av desse tri forenkla.

Fyrste ættled: I. Faren. Borni, førde på ætt og løypenr. t. d. 1-5.
Andre ættledd: II. Eldste sonen hans, borni førde på ætt og løypenr. 6-12. Døttane bli førde ivi til ætti av ektemaken.
....

Var ektemaken innflutt og framand i heradet, er ætti etter han sera ut som eigi ætt.

Var det fleire søner i syskinlaget, var det tvo måtar å velja millom:
  a. Vassrett ‏(parallell)‏føring som i systemet med ætti førd generasjonsvis.
      Fyrst eldste sonen med ektemake og born, deretter nesteldste, tredje o.s.v. alle med same romertal og borni på løypenr.
  b. Loddrettføring. Denne er nytta der ætti er stor med mange l.nr.
      Eldste son bli sera ut med si ættgrein, den nesteldste, tredje, o.s.v.
      I store ætter er det lettare for folk å kjenne seg att og få ivisyn på denne måten.

Vis detaljar Note: Kommentar frå Bygdesogenemnda

Så langt hadde Torjus Loupedalen komi i eit kladdeutkast til fyriord.

Ættesoga slik som ho her vert gjevi ut, er fullt og heilt utarbeidd og skrivi av Torjus Loupedalen. Han fekk diverre ikkje tid til siste finpussen av manuskriptet sitt. Det vil difor truleg finnast ting serleg frå nyare tid, som han hadde komi til å retta om han hadde vori liv lage. For oss i Bygdesogenemnda var det rådlaust å leita etter mogelege småfeil. Det er i djup takksemd til Torjus Loupedalen for det store og dugande arbeid han har lagt ned for Bygdesoga at vi noe sender Ættesoga han skreiv, ut til bygdefolket.



Oppdagede søkemaskinspioner: CCBot/ https://commoncrawl.org/faq/