Gamlekyrkja i VrÄdal lÄ ved garden vestre Roholt  og var ei laftebygd kyrkje med Ättekanta grunnplan, truleg den fÞrst Ättekanta kyrkja i Noreg.

Kyrkja blei sett opp i Amund Morland sin prestetid, og stod ferdig i 1685 og vigsla i 1686. Kyrkja blei reven i 1888 etter at den nye kyrkja pÄ Sanden sto ferdig. Siste gudstjeneste vart halde 19. mai 1887.

Ein del av materialene blei nytta til stall og stoge ved den nye kyrkja. Det er framleis spor etter kyrkjetuft og kyrkjegard pÄ Roholt. Inne pÄ kyrkjegarden ligg steinar i bakken som syner omrisset av kyrkja.

 

Stavkyrkje
«Gamlekyrkja» avlĂžste ei stavkyrkje som dĂ„ blei reven. Den sto pĂ„ omlag same stad som «Gamlekyrkja» og er omtala fĂžrste gong i 1395. Om kyrkja er ikkje mykje kjend, i kyrkjerekenskap frĂ„ 1600-Ă„ra finn ein utgifter til utskifting av veggkledning og takspon.

Gapestokk
PÄ tunet til vestre Roholt  gard stÄr den gamle gapestokken frÄ Roholt kyrkje. Ein langbugen steinbjelke pÄ 3 m med hol i mannshÞgde og jarnring.