Gamlekyrkja i Vrådal lå ved garden vestre Roholt  og var ei laftebygd kyrkje med åttekanta grunnplan, truleg den først åttekanta kyrkja i Noreg.

Kyrkja blei sett opp i Amund Morland sin prestetid, og stod ferdig i 1685 og vigsla i 1686. Kyrkja blei reven i 1888 etter at den nye kyrkja på Sanden sto ferdig. Siste gudstjeneste vart halde 19. mai 1887.

Eit sagn fortel at det var ein mann med namn Jon Haus som bygde kyrkja, og at han var lyst fredlaus. Men kunne han byggje ei kyrkje det ikkje fanst maken til, skulle han bli fri mann. Det synes mest vere grunnlag for sanning i sagnet, for det fanst ingen åttekanta kyrkjer i landet frå før.

Ein del av materialene frå gamlekyrkja blei nytta til stall og stoge ved den nye kyrkja. Det er framleis spor etter kyrkjetuft og kyrkjegard på Roholt. Inne på kyrkjegarden ligg steinar i bakken som syner omrisset av kyrkja.

Stavkyrkje
«Gamlekyrkja» avløste ei stavkyrkje som då blei reven. Den sto på omlag same stad som «Gamlekyrkja» og er omtala første gong i 1395. Om kyrkja er ikkje mykje kjend, i kyrkjerekenskap frå 1600-åra finn ein utgifter til utskifting av veggkledning og takspon.

Berre omrisset att
Det ein no ser etter kyrkjene ved Roholt er omrisset etter tufta åt den åttekanta med koret og våpenskuret. Omrisset er markera med steinar. Og så ser ein kyrkjegarden. På to av kantane står ein høg steingard slik den sikkert har stått i mange hundre år. Litt er det att av den gamle porten og mange graver er enno synlege. Nokre få gravstøtter og krossar fins, men dei fleste merke på gravene var nok av tre som naturleg har råtna bort.
Nokre flate store heller står stilla opp på ein kant av kyrkjegarden. Desse har truleg vore nytta som golv i den første stavkyrkja.

Gapestokk
På tunet til vestre Roholt  gard står den gamle gapestokken frå Roholt kyrkje. Ein langbugen steinbjelke på 3 m med hol i mannshøgde og jarnring.

Salg av kyrkja og kjøp tilbake
I 1724 selde Kong Fredrik den 4de alle kyrkjene i Kviteseid prestegjeld med dei eigedomane som høyrde til. Det var ei som kalla seg «Karen salig Kristian Thommesens» i Arendal som kjøpte og skøtet er skriven på Fredriksborg i desember 1724.

Dette var sjølvsagt ikkje bygdefolket nøgde med og to år etter kjøpte 15 bønder i bygda kyrkja att. Desse bøndene var Hans Jørgensen Øen, Leif Hoskilsen Roholt, Ole Halvorsen Bygstøel, Aavold Guttormsen Ormtvedt, Aamund Tarjesen Flatland, Niels Aslaksen Lønnegrav, Jens Hoskilsen Øvre Sinnes, Hølje Aanonsen Nedre Sinnes, Siri Olsdatter Dahle, Gunder Akslaksen Hægland, Tellef Toresen Wraalie, Guro Naper og søn Thorbjørn Jacobsen, Anders Olsen Søndre Wraae, Wetle Olsen Nordre Wraae, Ole Iversen Nordbøe og Gundleg Ellingsen Findreng.

Kjøpesummen var 110 Riksdaler og kjøpet omfatta «bemeldte Wraadals annexkirke med al dets pertinenter, tiender, levekjør, saafremt nogen findes. Det underliggende jordegods, saasom Wraae, Østgaarden en halv tønde, Bringsteigen en mælle, Skrede en mælle, og Glomb et faareskild, samt alt hvis denne kirke med rette tilhører.» Bygdefolket måtte altså kjøpe att den kyrkja dei hadde bygd og som før var gjeve til kyrkja!