Velkomen

.. til nettunet til Kviteseid historielag!Kommunehuset speglar seg i dei gamle vindua på biblioteket (Foto: Siri Johannesen)

Tunet har mange vindauge til fortid, med von om at det du ser
skal vere til nytte i notida og framtida. Å take vare på røynslene,
gode og mindre bra, gjer ein betre rusta til å take gode val for
ein sjølv og andre og dei som tek over!

Bli med i historielaget og form framtida …!

Bygdenamnet Kviteseid har fått ymse tolkingar millom dei lærde; men dei fleste meiner no namnet skriv seg frå den kvite, glitrande fjorden som ein støtt har for auga, (oldn. Hvitstir).

Båttur med «Fram»

På veg opp Roholtåi.


Onsdag 30. august hadde Kviteseid historielag invitert til båttur med «Fram» i Vrådal.
Nesten 60 var med på turen, og dei storkosa seg i det fine vêret denne kveldsbeita.
Det blei også tid til både diktopplesing og songinnslag.

Kyrkjegardsvandring i Fjågesund

Gunnhild Gravir fortel om familien sin.

På tross av store nedbørsmengder tidlegare på dagen var det bort i mot 15 som trassa været og møtte fram på kyrkjegarden i Fjågesund onsdag 7. juni.

Her fekk vi interessante forteljingar om folk som hadde hatt sitt liv og virke i Fjågesund. Gunnhild Gravir og Karin Maria Larsen fortalde om slekt og andre kjentfolk frå Fjågesund. Etter kyrkjegardsturen blei det ein tur inn i kyrkja. Her fekk vi ei innføring i korleis kyrkja blei bygd, og liv og virke i dei hundre åra etter.

Dei aller mest hardføre avslutta turen nede på bryggja med kaffi og kaffimat.

Historielaget på museumstur

Museet ligg vakkert til innved slusa, og med Kråkenesgardane i bakgrunnen.

Tysdag 23. mai var historielagt på tur til Vrådal og såg på slusemuseet.
Leif Roholdt fortalde om slusemuseet og om liv og virke langs heile vassdraget.
Om lag 30 frammøtte fekk ein triveleg kveld med både ny kunnskap og ei matpause i den finaste vårkvelden ein kan tenkje seg.

Kviteseid historielag og Vest-Telemark Museum fekk pris

Laurdag 22. april fekk Kviteseid historielag og Vest-Telemark Museum

Rikard Berges pris
for lokalhistorie i Telemark.

Vi fekk den for arbeidet med å gje ut dagbøkene etter Ole Blom.
Prisen blei dela ut på Telemark historielag sitt årsmøte på Brekkeparken kafe i Skien.

 

Vil du lesa meir om grunngjevinga for prisen, sjå her her

 

 

 

 

 

Varden var tilstades under utdelinga, 
og dette biletet kom i måndagsavisa.

Frå venstre: Per Ormestøyl, VTM og redaktør for verket, Johannes Skarprud frå Kviteseid historielag og Tor Kjetil Gardåsen som stod for utdelinga.

Årsmøte 2017

Kakeeting og loddsal gjekk hand i hand.

Torsdag 9. mars hadde historielaget årsmøte på Skieventyret i Morgedal. Dei 24 frammøtte fekk først ein tur gjennom den nye «løypa» i museet. Så var det det ei god kaffipause med kake og loddsal. Til slutt blei årsmøtet avvikla. Resultatet av valet og årsmelding finn du under fana «Om laget».